Staten svindlar trussamfunna utanfor kyrkja

Dette debattinnlegget ble trykket i Vårt Land 19.03.2016 med samme tittel. Innlegget finnes også i en boksmålsutgave.

Trus- og livssynssamfunn skal i følgje Grunnlova motta den same økonomiske støtta per medlem som Den norske kyrkja; realiteten er ein heilt annan.

Human-Etisk Forbund i høyringane har påvisa at Den norske kyrkja mottak tenester, verdiar og støtte tilsvarande 300 millionar kroner ekstra fra A/S Noreg UTANOM både utrekningsgrunnlaget for andre trus- og livssynssamfunn. Dette betyr at staten ved å skjula desse overføringane har unnlate å betala ut omtrent 45 millionar kroner kvart einaste år. Til samanlikning er Den katolske kyrkja mistenkt for å ha svindla til seg i alt 40 millionar kroner over fleire år.

I alle andre samanhengar og med alle andre som den utførende parten ville dette vorte rekna som svindel, bedrageri. Ein ville kunna vorten straffeforfølgd slik Den katolske kyrkja vert etterforska og straffeforfølgd i dag.

Grunnlova krev det, lovene som regulerer dette feltet krev det, og det anstendige og likebehandlande samfunnet i 2016 krev det: staten må rydda opp og sørgja for reell likebehandling av trus- og livssynssamfunna i Noreg!

Christian Lomsdalen
Christian har misforstått blogging, men skriver mye. Stort sett om skole, politikk, religion, eller teknologi. Grunnleggende nerdete, og feminist, ateist, og humanist.
Mine Innfall, Lomsdalen.im