Det store kyrkjeranet

Dette debattinnlegget ble trykket i Klassekampen 30.03.2016 med denne tittelen.

Trus- og livssynssamfunn skal ifølgje Grunnlova ta imot den same økonomiske støtta per medlem som Den norske kyrkja; realiteten er ein heilt annan.

Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen har arrangert høyringar om sjølvstendet, økonomien og framtida til Den norske kyrkja etter skilsmissa frå staten. Der har det kome fram at staten har overført monaleg større midlar til Kyrkja enn det som har utgjort utrekningsgrunnlaget for støtta til dei andre trus- og livssynssamfunna i Noreg. Grunnlova si §16 seier at «alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line». Dette vert følgt opp av Lov om trudomssamfunn og ymist anna som i §19 slår fast at «tilskotet skal vera så stort at det etter måten svarar om lag til det som staten har budsjettert til Den norske kyrkja, og skal reknast ut etter kor mange som høyrer til samfunnet». Alle trus- og livssynssamfunna skal få den same støtta – med eitt unntak som vart innført i år.

Trass dette kunne Human-Etisk Forbund i høyringane påvisa at Den norske kyrkja tok imot tenester, verdiar og støtte tilsvarande 300 millionar kroner ekstra frå A/S Noreg utanom både utrekningsgrunnlaget for andre trus- og livssynssamfunn og unntaka som alt er gjevne i Kyrkjelova og Trussamfunnslova. Dette er ikkje å støtta alle trus- og livssynssamfunn på lik linje. Som tommelfingerregel reknar ein med at ei krone til Den norske kyrkja svarar til om lag 15 øre til andre trus- og livssynssamfunn. Dette betyr at staten ved å skjula desse overføringane har unnlate å betala ut omtrent 45 millionar kroner kvart einaste år med dagens medlemstal og stønadsstorleik. Til samanlikning er Den katolske kyrkja mistenkt for å ha svindla til seg i alt 40 millionar kroner over fleire år. Ein sak som har vekt mykje meir merksemd.

Eg ser at verken Human-Etisk Forbund eller nokon av dei andre trus- og livssynssamfunna ønskjer å krevja å få utbetalt den manglande støtta, men styreleiar Ingrid Rosendorf Joys i Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL) seier til Vårt Land: «[v]i mener at det skal være likebehandling. De skjulte overføringene til Den norske kirke må med i beregningsgrunnlaget». Å halda fram med den gjeldande praksisen ville i alle andre samanhengar vorte rekna som svindel, bedrageri. Ein ville kunna vorten straffeforfølgd slik Den katolske kyrkja vert etterforska og straffeforfølgd i dag.

Grunnlova krev det, lovene som regulerer feltet krev det, og det anstendige samfunnet anno 2016 krev det: staten må sørgja for reell likebehandling av trus- og livssynssamfunna i Noreg!

Christian Lomsdalen
Christian har misforstått blogging, men skriver mye. Stort sett om skole, politikk, religion, eller teknologi. Grunnleggende nerdete, og feminist, ateist, og humanist.
Mine Innfall, Lomsdalen.im