KRLE – eit minefelt

Dette debattinnlegget ble publisert av Haugesunds Avis 24.10.2015 med tittelen "KRLE - Eit minefelt" Det ble også trykket i Bømlo-nytt den 24.10.2015.

Det nye KRLE-faget er eit minefelt - for foreldra, elevane, lærarane og landet. Derfor arrangerer Human-Etisk Forbund eit møte om KRLE på Bømlo 4. november.

KRLE-faget som vart innført av Solberg-regjeringa og samarbeidspartia denne hausten bringar attende gamle problemstillingar. KRL-faget vart i 2007 endra og døypt om mellom anna fordi det ikkje var ”tilstrekkeleg objektivt, kritisk og pluralistisk”.

Det er to endringar i KRLE-faget – sjølve namnet og fastsetjinga av tidsbruken i faget. Namneendringa er ei viktig symbolhandling og seier mykje om kva som skal ha fokus. At ein trekkjer kristendommen ut frå religionsomgrepet er med på å setja kristendommen som normalen. Dei resterande religiøse livssyna vert ”dei andre” – implisitt dei som tek feil . K-en vart i si tid fjerna for å ”gjera det tydeleg at religionar og livssyn skal behandlast på ein likeverdig måte”. Den viktigaste endringa er kor mykje av faget som skal brukast på kristendom. Trass i at kristendommen berre utgjer 12 av 54 kompetansemål betyr endringa at halvparten av undervisningstida skal nyttast i dette temaet. Dette er uavhengig av kor mykje fagtid lærarane meiner er nødvendig for at elevane skal ha den kompetansen som dei treng i faget.

Konsekvensen for elevane er at dei no mange stader vil oppleva å få mindre kunnskap om aktuelle tema, religionar og problemstillingar enn elevane som gjekk gjennom RLE-faget før dei. Dette inneber at dei vil stilla svakare seinare i skulegangen. Dei vil kunna mangla kunnskapar til å forstå naboar, nyhende og kva som skjer i verda, og det vil kunna gjera det lettare for personar som ønskjer å radikalisera ungdom. Kunnskap er det viktigaste middelet mot framandfrykt, radikalisering og misforståingar.

Utfordringa til foreldra er å veta kva dei kan gjera. Kva for rettar har dei? Korleis kan dei uttrykja misnøya si med det nye faget utan at dette går ut over barna deira?

Dei fleste skulane er flinke til å ta i mot kritikk og handtera han på ein profesjonell måte. Dessverre gjeld ikkje dette alle. Det er eit kjent problem at det er vanskeleg for foreldra å veta korleis fritaksreglane fungerer - og mange er bekymra for at fritak vil gå ut over eleven.

RLE-faget har vore eitt av dei faga med flest kompetansemål trass i at faget har særs få timar. Det har derfor vore vanskeleg for lærarane å sikra at elevene har fått nok kunnskap i dei forskjellige emna faget inneheld. KRLE-faget gjer dette endå vanskelegare.

For Noreg er problemet at det er praksis i klasserommet som til sist vil avgjera kva som skjer med faget. Det trengst berre eitt tilfelle for å konstituera menneskerettsbrot som Noreg kan verta dømt for. Det er ikkje berre pinleg å verta dømd for menneskerettsbrot, men med tanke på Noregs høge profil i menneskerettsarbeid verda rundt, kan det vera direkte skadeleg for norske interesser å verta dømd nok ein gong for det same skulefaget. Dette faget legg opp til å balansera på kanten av stupet - då fell ein fort utfor.

I Human-Etisk Forbund veit vi av erfaring at slike endringar skaper mange spørsmål, særleg hos foreldre, men ogso hos lærarar, elevar og andre interesserte. Derfor arrangerer Human-Etisk Forbund Hordaland eit foredrag om KRLE 4. november i Bømlo kulturhus. Blant spørsmåla som vi vil ta opp er kva foreldre kan gjera og korleis dei best kan følgja opp denne vanskelege situasjonen.

Christian Lomsdalen
Christian har misforstått blogging, men skriver mye. Stort sett om skole, politikk, religion, eller teknologi. Grunnleggende nerdete, og feminist, ateist, og humanist.
Mine Innfall, Lomsdalen.im